Linkar.

torsdag 31. januar 2013

NY STOVE.

Etter å ha hatt rosa, turkis, gult og bittelitt grønt i interiøret i 2-3 år, var det virkelig på tide med litt nytt i heimen. Eg har gått for gult som hovudfarge, samstundes som det ikkje er like fargerikt no som det har vore dei siste åra. Eg elskar gult, den kan gjera så mykje med så lite. Her har eg berre tilført nokre få gule puter, i tillegg til at eg har nokre få gule vasar rundt om i etasjen. Lampen som farfar laga på 60-talet, har og fått ein gul lampeskjerm. sjå under!

Dei gule putene og dyreprintputene, er frå H&M Home, og kartet på veggen, som òg er nytt, er frå IKEA. Sidan me har 4-5 meter under taket i stova, syns eg at dette gjekk heilt supert. Kjekt med noko nytt!

No kan våren berre komma <3











torsdag 17. januar 2013

KOM, VÅR!

Eg kasta ut jula tidleg dette året. Ei god stund før eg pleier. No er eg klar for laukar i form av påskeliljer, ei sol som varmar meg i ansiktet, og litt nye og lysare fargar i interiøret. Eg har nett kjøpt meg nye puter, f.eks., eg skal legge dei ut etterkvart.

S: Gir nyåret deg lyst til å fornye heimen?






lørdag 12. januar 2013

STOFFETIDER.

Kva skal dette brukast til, mon tru? Eit hint er at eg, og mamma, skal endre litt på ein arvegjenstand :-)