Linkar.

torsdag 25. oktober 2012

I BOKHYLLA VÅR STÅR...

Eit lite innlegg om kva som står i bokhylla vår. Eg er veldig glad i den. Ikkje berre er det mykje oppbevaringsplass, men eg synst den passer inn hos oss.


 Eg er veldig glad i dei små "Glad i deg"-vasane våre. Dei to kvite på sidene har me fått av mammen til Thomas, og den i midten er frå tanta mi. Dei er laga av ein lokal kunstnar, og kan kjøpast på Galleri Giga. Dei to ungelene, mammaen og babyugla, har eg fått av mammen til Thomas. Det er jo så klart meg og Thea, det der :)
 Desse figurane er laga av ein kunstar på Kreta, og kjøpt der. Synst dei er så herlige!
Denne morsomme fuglen er kjøpt i ein av dei få (einaste?) interiørbutikken på Bømlo. (Som og forresten er lekebutikk og bokhandel). Fatet med rosemaling er loppemarkedkupp.

mandag 22. oktober 2012

INN I VARMEN.

Då me flytta inn i rekkehuset vårt, stod det ein gammal ovn der. Då heile burettslaget skulle skifta tak og piper, tok me rett og slett å skifta ut heile peisen med ein flunkande ny ein. Gaaanske så nøgd med den nye, og den passar fint inn hos oss. Det er ein Jøtulpeis.

Vedkorga kjøpte eg på 50 % sal hos KID interiør, for nokre månadar sidan. Fiiin er den :)


'

søndag 21. oktober 2012

SOFAKROKEN VÅR.

Tenkte eg kunne vise korleis sofakroken vår ser ut. Det er verkeleg fargerikt, og mange syns nok at det er litt vel mykje, men fargar er viktig for meg. Eg syns at eit interiør skal gjenspegla kven du er, og eg syns i alle fall at det passar i forhold til korleis eg likar å kle meg. Om eg er like sprudlande og glad kvar dag, er heller litt usikkert.

S: Står interiøret hos deg i stil med personligheten og klesstilen din?

 Fatet og lysestakane er arva etter farmor og farfar. Dei kvite og blå vasane er frå Kremmerhuset, og den i gjennomsiktig plast (faktisk) er frå Søstrene Grene. Den blomstrete puta bak er frå Åhlens.


mandag 15. oktober 2012

LITT UTETIDER OG.

Eg vil jo gjerne at det skal sjå okey ut utanfor og, så her ein dag skifta eg ut sommarblomane med rosa Erica-lyng, i tillegg til vanlig kvit lyng (hugsar ikkje namn).







søndag 14. oktober 2012

THEA SITT ROM - TAPETEN.

Hipp hurra! Mammaen til Thomas var hos oss i går og fekk opp tapeten på rommet hennas. Kjempenøgd med resultatet! Tapeten er Eiljffinger Pip 386011. Fint?




THEA SITT ROM - PANEL.



No er panelet kome opp på så og seie alle veggane. No begynner ein å byrje å sjå kor fint dette rommet vil bli. Gledar meg til forsettelsen. Sambuaren min er rimelig flinke ;)


No er eg så spent, så på torsdag måtte eg kjøpe skilt som skal henge på døra til Thea. Viktig viktig. Bokstavane er kjøpt på Ringo.




torsdag 11. oktober 2012

THEA SITT ROM - OPPUSSINGA STARTAR.

På sundag starta Thomas med å jobbe på det som skal bli Thea sitt rom. Hjelpe meg, kor eg gledar meg. No i starte var det mest fikse-opp-i-det-som-dei-som-pussa-opp-det-rommet-sist-hadde-gjort-feil. Jupp. Golvet knirka, og det var panel berre på nokre av veggane.

No skal det bli kvitmalt smartpanel på alle veggar, utanom den største, som skal få ein nydeleg fugletapet frå Eijfinger. Golvet beholder me. Det er ikkje det du ser der, men eikeparkett, som foreløpig er fjerna under arbeidet.





OM MEG.

Interiørkonsulent, som jobbar som dekoratørassistent i H&M. Er for tida i permisjon, og kosar meg dagen lang med dottera mi, Thea, som kom til verda i mars. Bur saman med sambuaren min, Thomas, på Stord.

Elskar fargar i kvardagen, og heimen vår understreker dette.