Linkar.

søndag 18. august 2013

UTETID - VÅR VELKOMST.

Sit no på Kreta og nyter varmen, men her kjem ein lite bilete som er tatt utanfor rekkehuset vårt heime i Noreg.

torsdag 15. august 2013

EKTE VARE - TREERMA GOLVLAMPE

Oi oi oi. Eg har jo endå ikkje vist alle dåke kjekke der ute den vakre lampen min. Ikkje alle (les: sambuar) syns denne er like flott som eg gjer, men så betyr den gjerne litt ekstra for meg og.

Min farfar, som ikkje er med oss lenger, og onkelen min, laga denne heilt sjølv ein gang på 60-talet eller noko sånn. Etter at farmor dø, og familien tømte huset, var eg altså den heldige som fekk ta med meg lampen heim. Den hadde forferdelige lampeskjermar, som ikkje var heimelaga, i plaststrimler som var "surra" rundt ramma på skjermen.

Eg og mor mi sydde nye, fine lampeskjermar i stoff. Det er sydd ein kant i begge endar med strikk i. Enkelt og greitt.






onsdag 10. juli 2013

FIIINE STOLAR.

Infurn selger billige kopiar av designerstolar, slik som desse frå Charles Eames. Eg syns jo desse ern ydelige, og kunne tenkt meg både kvite og gule, gjene kvite spisesttuestolar, og ein fargeglad gul på kontoret. Gyngestolen skal lett få ein plass i eit hjørne i stova. Elsk. 



lørdag 4. mai 2013

FØRSTE ETSYPAKKE - BILLIGE HAPPYLIGHTS.

Hoho. Må ikkje tru du må betala nærare 400-500 kr for å få Happy Lights i hus.
På Etsy.com ligg det nemlig vakre "home made cotton balls" til ein mykje finare pris.
Det tok ca. 2-3 veker å få dei i hus, frå Thailand, men så blei prisen berre 170 kr INKLUDERT frakt.
Meget nøgd.

S: Kva syns du?


fredag 15. mars 2013

TEST - GÅVE TIL KATRINE.

Hoho. Prøvde meg på å strikka fletter for første gong, rett før venninna mi hadde bursdag. Dei blei sjåande heiøt OK ut, så no står dei (kanskje?) hos ho i Bergen. Eg har brukt barnematglas.

Oppskrift
Pinne nr. 5
Garn - østlandsgarn frå Nille, strikkefasthet = 23 m.

Eg la opp 32 masker. Strikka 3 vr, deretter 2 r, 2 vr til det er 3 m igjen. Dei 3 siste strikka eg vr. Etter 3 pinnar strikkar eg fletter med 2 masker ved alle dei rette maskene.

Strikk 4 pinnar til, deretter fletting igjen. Strikk 4 pinnar til, fletting, og avslutt med 3 pinnar.

Hugs at du må strikke motsatt r og vr, når du strikkar tilbake kvar runde.

Fell litt stramt, og sy saman.

Lukke til!

mandag 11. mars 2013

1-ÅRSFESTEN TIL THEA.

Sjølv om Thea ikkje har bursdag før i morgon, feira me bursdagen hennar i helga, slik at flest mogleg kunne komme. På laurdagen hadde me nærmaste familie på besøk, og me serverte heimelaga  snittar, og kake og kaffe (takk, mamma og svigermor). På sundagen var det 5 små på besøk, med sine foreldre, og me storkoste oss med ballongar, gåver, saft og kaker.

Bordet blei eg meget nøgd med. Det er pynta med serviset vårt, Silver Paisley, gule serviettar frå Kid, heimelaga pongpongar som er laga av silkepapir (tydeligvis umulig å få tak i), grillspyd, med heimelaga navnelappar av papir og dymo, og oppskåren frukt. Heimelaga vimpelrekke og krone av papir, voksduk frå Princess (viktig når ein har små), og kvite tulipanar. 








mandag 25. februar 2013

TERASSEKOS I FEBRUAR.

Ååå, det var deilig å komme ut i solo idag. No gledar eg meg vilt til å få kjøpt nye uteblomar, og pynte litt på terassen. Foreløpig er halve sofagruppa pakka opp, mens resten har presenning med IS over seg.

Det er ei fantastisk årstid me har føre oss :-)